Foreslår å oppheve priskontrollen
Landbruks- og matdepartementet foreslår å oppheve priskontrollen i konsesjonslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.12.2013
Landbruks- og matdepartementet har nyleg sendt på høyring eit forslag om å oppheve priskontrollen på landbrukseigedomar. Høyringsfristen er sett til 1. februar 2014. Sjå høyringsdokumenta her.
Departementet har og sendt eit brev til kommunane om praktiseringa av priskontrollen etter gjeldande konsesjonslov. Kommunene blir oppmoda til ikkje å leggje avgjerande vekt på omsynet til pris i vurderinga av om det skal givast konsesjon. Sjå brevet her.