Webinar om nye reglar for landbrukseigedomar i dødsbu

Solnedgang i Boknafjorden. Foto Anfinn Rosnes

Den 1. januar 2022 tredde endringar i arvelova § 99a i kraft. Dette inneber at landbrukseigedomar i dødsbu har krav om at heimelen til eigedomen skal overførast innan tre år. Kommunane har fått i oppgåve å sjå til at slike dødsbu blir avhenda. Vi inviterer derfor til eit webinar der vi i korte trekk går igjennom kva endringane i arvelova § 99a er, og kva oppgåver som ligg til kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2022

Endringane i arvelova inneber at kommunane har fått nye og viktige oppgåver.

Landbruksdirektoratet sende 20.12.2021 brev til kommunane med informasjon om kva endringane i arvelova § 99a er, kor kommunen kan finne meir informasjon, lenke til rettleiar og forslag til varslingsbrev. Brevet er utgangspunktet for webinaret, og vi rår deltakarane  om å gå igjennom brevet og rettleiaren før webinaret.

Vi viser elles til Landbruksdirektoratet si heimeside her: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/alle-veivisere-for-eiendom/konsesjon-pa-eiendom/landbrukseiendom-i-dodsbo

Program:

10:00-10:10 Velkommen til webinar v/ Anfinn Rosnes

10:10-11:00 Gjennomgang av endringane arvelova § 99a og rettleiaren v/Rune Lian

11:00-11:30 Spørsmål og dialog

Slik deltar du

Du deltar på webinaret med å trykke på lenka under. Det vil bli gjort opptak slik at dei ikkje kan delta kan sjå webinaret i ettertid. Opptak blir tilgjengeleg i eigen nettsak etter webinaret.

Ingen påmelding.  

 

Microsoft Teams-møte

Bli med fra datamaskin eller mobilapp

Klikk her for å delta i møtet

Bli med på en videokonferanseenhet

416417760@t.plcm.vc

Videokonferanse-ID: 125 736 084 9

Alternative VTC-instruksjoner

Finn ut mer | Møtealternativer

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.