19 område registrert som «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse» (KULA-område) i Rogaland

Landskap kring Suldalsvatnet. Foto: Nono Dimby

KULA-område er landskap det er knytt nasjonale interesser til. Eigen rapport for Rogaland med 19 registrerte KULA-område er no klar. Frå før er Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder og Akershus del av registeret. Registreringa frå Riksantikvaren skal bidra til å ivareta og utvikle nasjonalt viktige landskap.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2021

Vårt landskap

Landskapet er ei levande historiebok. Det fortel korleis menneske har levd av og nytta natur og landskap, og om endringar gjennom tida fram til i dag. Bygningar er viktig del av dette landskapet. Spor etter menneske finn me over alt – i det opne jordbrukslandskapet, i skog og mark, på fjellet og i byar og tettstader.

Landskapet kring oss er viktig for næring, rekreasjon, bulyst og identitet. Me som enkeltpersonar har gjennom livet og forskjellige livsfasar ofte ei nær relasjon til landskap og stader. Du kan forlate ein stad, men staden forlèt ikkje deg, er det sagt.

Arealbruk i landskapet

KULA-områda i Rogaland strekk seg frå Hylsfjorden og Suldalsvatnet (1) i nord til Blefjell-Sandbekk-Jøssingfjord (19) i sør, og til Utsira (5) i vest.

Kommunen er gjennom si arealplanlegging den viktigaste forvaltaren av landskap. God dialog, bruk av og respekt for lokal kunnskap, og godt samarbeid mellom kommunane og regional areal- og kulturminneforvaltning er viktig for berekraftig forvaltning av våre felles landskap.

Oppdraget med eit landsomfattande register er gitt av Klima- og miljødepartementet, og er gjennomført i samarbeid med regional kulturminneforvaltning og kommunane. KULA er eit kunnskapsgrunnlag for planlegging og forvaltning, ikkje eit formelt vern eller freding. Rapporten skal bidra til føreseieleg arealforvaltning.

Rapporten er utarbeida av Riksantikvaren med utgangspunkt i eit utkast frå Rogaland fylkeskommune.

Berekraftig forvaltning

KULA-rapporten er eit flott dokument med mye god kunnskap som kommunane og dei som bur og forvaltar områda kan vere stolte av. Statsforvaltaren oppfordrar alle til å nytte rapporten som eit moglegheit til å utvikle lokaltilpassa næring i inn- og utmark, samstundes som me i lag tek vare på dei verdfulle landskaps- og arealressursane me har i fylket.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.