Klimakur 2030 – landbruk ein del av løysinga
Vi må klare å nå måla om kutt i utslepp av klimagassar og framleis ha eit aktivt landbruk i matfylket Rogaland, det kjem fram av vår uttale til Klimakur 2030. Vi legg særleg vekt på tiltak som vil vidareutvikle berekraftig landbruk utan å svekke sjølvforsyningsgraden.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Klimakur 2030 har vore ute på høyring, kor det er framlegg om fleire tiltak for å redusere kvotepliktige utslepp med 50 % i 2030 samanlikna med 2005. Det ligg i korta til Klimakur 2030 at me får ein strengare klimapolitikk på fleire område. Samstundes opplever vi eit aukande fokus på eiga matforsyning.
Raudt kjøt
Logisk nok har me gitt jordbruk ein del merksemd i vår samla uttale til Klimakur 2030. I matfylket Rogaland er det særleg viktig å legge vekt på tiltak som vidareutviklar eit berekraftig landbruk utan å svekke sjølvforsyningsgraden. Vi har framheva at Rogaland produserer 20 – 30 % av alt raudt kjøt i Noreg. I Klimakur 2030 er det peika på at redusert bruk av raudt kjøt er eit av dei viktigaste tiltaka for jordbruket som kan bokførast i utsleppsrekneskapen. Dette utfordrar oss sterkt som husdyr- og beitefylke om det kan vere eit godt utgangspunkt for klimaomstilling. Ved så store kutt i produksjon av raudt kjøtt er det fleire ledd som blir påverka negativt, som beite, kulturlandskap og biomangfald. Ein reduksjon i tal beitedyr vil første og fremst ramme distrikta. Skal vi lykkast med sjølvforsyning av mat må vi nytte beiteareala utan særleg alternativ til utnytting. Heilskaplege løysingar og endring i takt med næringa er viktig for å lykkast.
Meir protein frå Noreg
Om lag 80 % av fôret til husdyra våre er produsert i Noreg. Det må vere eit mål å produsere meir protein basert på norske råvarer. Det lar seg fint gjere å bruke trevirke, tang, tare, insekt som proteinkjelde, men kostnadene med produksjonen er for høg og det må betydeleg forsking til for å kunne ta ut potensialet. Fiskå Mølle er med på eit aktuelt utviklingsprosjekt der dei lagar melasse av trevirke, noko som kan redusere importen av 72 000 tonn melasse kvart år. Vi vil truleg sjå spanande utvikling på dette området framover.
Meir frukt og grønt
Ein viktig klimatiltak er å satse meir på frukt og grønt. Det er spanande å sjå korleis fruktproduksjonen aukar i Rogaland på grunn av ei formidabel omstilling i næringa dei siste fem åra. Samstundes er det stor økonomisk risiko for produsentane å investere i nye anlegg, særleg er dette knyta til utfordringar med å få leveringsavtale. Rogaland kan klart produsere meir av det forbrukarane vil ha, men blir stoppa av kjedene og importkvotane. Vi peikar på at det her bør stimulerast gjennom justering av den nasjonale landbrukspolitikken.
Rogaland har om lag 13 % av den nasjonale grønsaksproduksjonen. Det er svært gode føresetnadar for å driva med grønsaker og potet ut frå klima og jordsmonn. Men vi ser at auken i produksjonen er konsentrert om austlandet. Her er også utfordringar som let seg løyse gjennom endra offentleg innsats og stimulans gjennom landbruks- og utdanningspolitikken. Skal me lukkast med kosthaldsendringar og sikre eigen produksjon av meir berekraftig, kortreiste råvarer til eigen befolkning, må det særleg gjerast noko på grossistleddet.
Skog-ein viktig del av løysinga
Skogbruk har ei viktig rolle i klimasamanheng, og det er stort potensiale i auka karbonbinding i skogen langs kysten. Det er her viktig å legga til rette for norsk vidareforedling og sikker avsetning av produkta i ein norsk marknad. Der kan det offentlege gå føre i mykje større grad ved å prioritere bruk av tre i bygg og oppvarming med bioenergi.
Vår samla uttale til Klimakur 2030 finn du i her.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13