Oppføring av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar
Ulike saker har gjort oss merksame på at det er eit betydeleg press på etablering av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar. Dette oppstår typisk i samband med ønske om innlosjering av utanlandske arbeidstakarar som skal arbeide på garden i kortare eller lengre tid. Vi ønsker derfor å orientere om rammeverket for vurderingane kommunane skal ta etter plan- og bygningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kva seier plan- og bygningslova og forarbeida om nødvendige tiltak for landbruket?
Plan- og bygningslova § 11-7. nr. 5 bokstav a seier at det i LNF-område i utgangspunktet kun er tillat å føre opp «nødvendige tiltak for landbruk». I forarbeida til lova i Ot.prp nr. 32 (2007-2008) side 215 er det meir informasjon om kva nødvendige tiltak for landbruket er. Der står det mellom anna: «Bokstav a omfatter areal for landbruk, natur og friluftsliv og reindrift der det bare er tillatt å oppføre bygninger eller iverksette anlegg eller andre tiltak som er nødvendige for drift av næringsmessig landbruk..»
Oppføring av mannskapsforlegningar
Plan- og bygningslovsvurderinga knytt til oppføring av mannskapsforlegningar på landbrukseigedomar må i utgangspunktet følge same prinsippa som vurderingane knytt til oppføring av gardshus. Om eit bustadhus er i tråd med LNF-føremålet eller ikkje, er nærmare presisert i rettleiaren Garden som ressurs frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og Landbruks- og matdepartementet (LMD). Der står det på side 9 at vånings- og kårbustader er omfatta av LNF-føremålet viss bygningen er nødvendig av omsyn til drifta av garden.
Vurderinga av om eit hus eller ein mannskapsforlegning er eit nødvendig landbruksbygg må vurderast konkret frå sak til sak der den aktuelle drifta er eit sentralt vurderingstema. Denne vurderinga må også vere knytt til eit konkret tilsynsbehov. Sjølv om gardsdrifta tilseier behov for innleigd arbeidskraft er det ikkje dermed sagt at arbeidarane treng å bu på garden. Dersom det skal vere nødvendig å bu på garden må det vere knytt opp til tilsynsbehovet i den aktuelle drifta, til dømes i forbindelse med tilsyn med dyr og driftsbygningar ved husdyrproduksjon.
Oppføring av mannskapsforlegningar til innleigd arbeidskraft er i Rogaland derimot meir vanleg i samband med bær- og grønsaksproduksjon. I ei slik drift er det vanlegvis ikkje nødvendig at arbeidarane bur på garden. Av denne grunn vil oppføring av mannskapsforlegningar til innlosjering av arbeidskraft normalt krevje dispensasjon frå LNF-formålet.
Dispensasjonsvurderinga
Etter plan og bygningslova § 19-1 kan dispensasjon bli gitt etter grunngitt søknad. At behovet for arbeidskraft har ei landbrukstilknyting kan etter omstenda tale for dispensasjon for oppføring av mannskapsforlegningar. Dersom kommunen vurderer å gi dispensasjon i slike saker, bør det normalt gis med tidsavgrensing og vere knytt til bygningar som er lette å flytte/fjerne. Behovet for innleigd arbeidskraft kan fort endre seg over tid og det er ikkje ønskeleg å ha permanente bygg ståande på landbrukseigedomar som ikkje er knytt til eit driftsnødvendig behov.