Over 63 millionar er utbetalt i erstatning

Fylkesmannen har snart behandla ferdig alle søknadene om avlingsskadeerstatning. Det er sendt inn 857 søknader i Rogaland, av desse er 761 utbetalt. Vi satsar på å vere ferdig med alle sakene i løpet av veka.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2018

Uvanleg mange søknader i 2018

Nasjonalt er det sendt inn 9032 søknader om avlingsskadeerstatning, mot fjorårets 948. I fjor mottok Rogaland 239 og det blei betalt ut omlag 20 millionar. Rogaland er eit av fylka som har fått inn flest søknader, men har likevel langt færre enn Oppland.

Avlingsskadeordning og ekstra kompensasjon i  jordbrukssavtale 30. august 2018

Erstatningsordningane blei revidert slik at dei som ble mest ramma får betre uttelling. I Rogaland gjeld dette 5 kommunar.

Mangelfulle søknader har gitt lengre saksbehandlingstid

Fylkesmannen er avhengig av at nødvendig informasjon er på plass før vi kan godkjenne søknadar om erstatning. Det kan typisk vere informasjon om beitepraksis, hausting av 3. slått og liknande. Manglande informasjon har auka saksbehandlingstida, og ved neste høve vil Fylkesmannen vere tydlegare i forkant på kva informasjon ein slik søknad skal innehalde.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.