Takk for over 30 år hos Statsforvaltaren!
Etter over 30 år hos Statsforvaltaren i Rogaland har Sissel Endresen valt å gå av med pensjon. Kommunane må nå søkje svar på spørsmål om tilskot hos andre medarbeidarar på landbruksavdelinga.
Publisert 18.12.2023
Sissel har med si lange erfaring vore ein viktig og trygg kollega. Det er ikkje få spørsmål om beitetilskot, refusjon av avløysartilskot, driftsfellesskap, dyrevelferd og vanleg jordbruksproduksjon ho har hatt svar på. Sissel har også hatt ansvar for å føre kontroll med tilskotsforvaltninga i kommunane. Hennar milde og rolege framferd har gjort det lett å samarbeide, både for oss kollegaer og andre.
Vi takkar Sissel for innsatsen, og ønsker ho alt godt som pensjonist!