Verdien av norsk mat

Leiar av tankesmia Agenda, Marte Gerhardsen kjem til landbrukspolitisk konferanse 19. mars.  Marte Gerhardsen er som sin farfar Einar, ein engasjert samfunnsdebattant. Ho har vore politisk aktiv, men er no leiar i ei partipolitisk uavhengig tankesmie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2018

Gerhardsen skal ha første foredrag på konferansen, og skal snakke om verdien av norsk mat. Vi håpar og trur at innlegget gir ein god start på konferansen, og eit nyttig perspektiv i den landbrukspolitiske debatten.

Prosjektet verdien av norsk mat

I 2015 utarbeida Tankesmien Agenda og AgriAnalyse notatet «Verdien av norsk mat». Hovudintensjonen med notatet var å undersøke om norsk mat leverer andre verdiar, og kva forhold det norske folket  har til norsk mat og matproduksjon. Undersøkinga viser mellom anna at trygg mat utan farlege smittestoff eller sprøytemiddel, god dyrevelferd, akseptable arbeidsforhold for bønder og tilsette, riktig pris og mest mogleg klimavennleg mat er viktige faktorar for val av mat. Meiningsmålinga viste at det viktigaste er trygg mat, og deretter pris.

Spørjeundersøkinga gir fleire viktige svar

Til dømes har fleirtalet i spørjeundersøkinga større tillit til norsk mat, enn importerte produkt. På spørsmål om det er viktig å produsere mat i Noreg, er 93 prosent einig eller delvis einig at dette er viktig. Heile 87 prosent meiner at landbruket er viktig for busetting og levande bygder.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar