Betydeleg investeringsvilje i landbruket - 2022 intet unntak
Fredag i sist veke var det dialogmøte i landbrukspartnarskapet der Innovasjon Norge la fram status for bruk av investeringsmidlane. Rekruttering var også på dagsorden.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi har til vanleg eit møte før ferien, m.a. for å få presentert status frå Innovasjon Norge når det gjeld tildeling av investeringsmidlar – IBU-midlar. Ved starten på 2022 var det lite etterspurnad etter midlar, og stor uvisse i næringa knyta til økonomi og investeringar. På møtet kom det fram at det er kome fleire søknader enn venta, og at midlane for året langt på veg er brukt opp. Møtet er nyttig for å kunne skaffe grunnlag for å sjå om vi treff i høvet til strategien, og for å skaffe oss eit godt grunnlag for å tenkje framover mot 2023.
Mobilisering gir effekt
Mot slutten av 2021 var det stor uvisse om korleis investeringsinteressa ville bli ved overgangen til 2022. Det blei difor arrangert eit webinar 1. desember 2021 for å informere om prioriteringar for 2022, og for å mobilisere til investering. Særleg det å investere i nye mjølkefjøs. Vi følgde opp med ei nettsak i februar 2022 der vi etterlyste fleire investeringssaker. Det kan vere fleire årsaker til at vi nå kan sjå ei positiv utvikling, men det kan sjå ut som at mobiliseringa har hatt ønska effekt.
43 millionar til 28 nye mjølkefjøs
Det er Rogaland fylkeskommune som skriv oppdragsbrevet på vegne av landbrukspartnarskapet, eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland. Vi kan igjen stadfeste god måloppnåing i form av prioritering av mindre mjølkefjøs også for 2022, med fokus på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det er gledeleg å sjå at ein viktig mjølkekommune som Vindafjord også i år er av topp tre. Hå og Stavanger ligg øvst på statistikken, og vi legg særleg merke til at distriktskommunane Suldal og Bjerkreim ligg høgt oppe.
Gjennomsnittleg kvote for dei som har fått tilskot er 227 000 liter for 2022, mot 249 000 liter i 2021. Dette er å sjå på som ei positiv utvikling, då det kan vere eit teikn på at dei meir marginale prosjekta i distrikta som blir realiserte. Vi fekk elles presentert at gjennomsnittleg investering pr liter mjølk er redusert frå om lag 33 til 31 kroner. Dette er overraskande i ei tid med prisauke på byggevarer. Vi gjer merksam på at dette er budsjettert kostnad i søknad, og at det kan vere noko avvik frå dette etter fullføring av byggeprosjekta. Men, vi tolkar det som eit teikn på at det blir gjort val meir i retning av enklare løysingar.
Tilskot til 33 nye gjødsellager
Det er pr juni løyvd opp mot 4 millionar kroner til 33 gjødsellager, noko som også er i tråd med prioriteringane. Det kan vere at auke i pris på handelsgjødsel gir meir fokus på verdien av husdyrgjødsla, og lagerkapasitet er viktig for god utnytting av gjødsla. Og god lagerkapasitet er gunstig sett i høve satsinga vi når ser på biogassanlegg, og ikkje minst sett i høve til miljøgevinst.
Start søknadsprosess nå om du tenker på støtte i 2023
At Innovasjon Norge langt på veg har brukt opp potten også for 2022 er eigentleg eit positivt teikn. Og vi får håpe at ny jordbruksavtale gir grunnlag for vidare investeringar i næringa. Avtalen inneheld også auke på 271 millionar kroner i investeringsmidlar (IBU) i 2023, i tillegg til de 200 millionar kroner som er løyvd som ekstra midlar frå og med 2022. Det er framleis fokus på det å prioritere omlegging frå båsfjøs til lausdrift for mjølkebruk inntil 30 kyr.
Dersom du har tankar om å få ta del i potten for 2023, må du berre starte med planlegging og søknadsprosess. Det er godt kjent at Rogaland ikkje får tildelt midlar i forhold til omfang i husdyrhaldet, og at det difor må vere ei ekstra streng prioritering. Det er avtalt nytt møte i partnarskapet i september for å drøfte strategi for 2023.
Spørjeundersøking om rekruttering
Det er kjent at det er ei rekrutteringsutfordring i næring, særleg i ei tid med kamp om arbeidskraft. Partnarskapet har bestemt at det skal gjennomførast ei spørjeundersøking knyta til dette spørsmålet, retta mot alle som driv eit landbruksføretak. Dette vil bli gjennomført til hausten, og meir informasjon vil kome når opplegget er meir klart for utsending.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13