Endring i IBU-forskrift – inntil 40 prosent i tilskot

Fleirbruksfjøs bygd i tre med lafteteknikk.
Fleirbruksfjøs bygd i tre med lafteteknikk. Foto: Anfinn Rosnes.

Landbruks- og Matdepartementet har 20.12.22 fastsett endringar i forskrift om investeringsmidlar i landbruket (IBU) med verknad frå 1. januar 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2022

Endring i forskrift er ei formell oppfølging av det som blei avtalt i jordbruksoppgjeret 2022.

Likestilling mellom kjønn

I gjeldande forskrift er kvinner prioriterte med høgare tilskotssats i investeringsprosjekt innan andre landbruksbaserte næringar utenom tradisjonelt landbruk, og dette har vore viktig for å stimulere til fleire kvinner inn landbruksnæringa. Det har vist seg at dette har hatt effekt. Rapport frå Innovasjon Norge på bruken av midlar til dette formålet har over fleire år vist at kvinner er overrepresenterte som mottakarar av tilskot, og mottar rundt 80 posten av støtten. Utviklinga innan andre landbruksbaserte næringer tilseier at det ikkje lenger er eit sakleg grunnlag for å forskjellsbehandle menn og kvinner på dette området. Av omsyn til likestilling blir dette nå endra.

Auke av tilskotssats og -tak

Det var semje i jordbruksoppgjeret om å auke maksimal tilskotssats til 40 prosent, og å heve maksimalt tilskot til 3,5 millionar kroner. Dette er nå teke inn i ny forskrift med verknad for 2023.

Meir informasjon om saka finn du på nettsida til LMD. Elles viser vi til vår nettsak om at Rogaland får 90 millionar kroner i IBU-midlar for 2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar