Lær korleis du blir ein god ystar
På innføringskurset om ysting og foredling av rå mjølk får du grunnleggjande kunnskap om foredling av upasteurisert mjølk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kurset finn stad 9. – 12. januar 2017 i Stavanger ysteri.
Kurset gir grunnlag for å gå vidare på kompetansestigen for dei som vil foredle mjølk og etablere sitt eige ysteri.
Kurshaldar Lise Brunborg starta hausten 2015 eiget ysteri midt i Stavanger sentrum. På Stavanger Ysteri er det handverksproduksjon av ost med fokus på kompetanse, berekraftige råvarer, godt modna ostar og dagsferske meierivarer av beste kvalitet. Lise har elles brei bakgrunn innan mjølkeforedling, både frå studie ved NMBU, som ystar på eit lite geitmjølks-ysteri i Oslofjorden utan vatn og straum og på sykkel til ulike gardsysteri rundt i landet. Ho underviser og på kurs i regi av Norsk Gardsost.
Målgruppa er mjølkeprodusentar og andre som ønskjer å starte kommersiell foredling av mjølk.
Pris: kr 3000,-.
Frist for påmelding: 11.desember
NB! Svært begrensa tal plassar
Stadfesting av kursplass sendast ut etter 11. desember.
Arrangør: Kompetansenettverket for lokalmat SØR ved Aase Vorre Skuland