Unytta potensial i Rogalandsmat- behov for ei ny matsatsing?
Spørsmålet blir stilt til eit breitt utval av matprodusentar og foredlingsbedrifter i Rogaland gjennom forprosjektet "Matverdi for Rogaland", og er basert på utsegn om at mat frå fylket ikkje viser godt nok igjen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Matverdi for Rogaland skal kartlegge matnæringas interesse og behov for ei ny matsatsing. Med matnæringa meinast heile verdikjeda, frå matprodusentar, leverandør- og foredlingsindustri, kokkar til forsking- og utviklingsaktørar. Kartlegginga blir utført av prosjektleiar Siv Støfringstøl, som drar ut på besøk for individuelle samtalar. Eit utval av produsentar har allereie fått besøk, men det er mogleg for andre å ta kontakt med prosjektleiar om ein ønsker ein samtale.
Det er Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Rogaland landbruksselskap som står bak initiativet. Det heile starta i august 2016 då deltakarar frå landbruksnæringa, faglag, matindustri, forsking- og utdanning, reiseliv og det offentlege samla seg for å diskutere behovet for ei verdiskapingssatsing på mat med særpreg frå Rogaland. Resultatet blei dette forprosjektet som vil nå er starta opp, og som vil halde på fram til sommaren.
Rogaland landbruksselskap ved Geir Skadberg er prosjekteigar, Rogaland fylkeskommune ved Iver Jan Leren er prosjektansvarleg og Siv Støfringstøl er engasjert som prosjektleiar.
Kontaktinformasjon Siv Støfringstøl: mobil 99 59 93 90 eller på epost sss@lyse.net