Nysgjerrig på lokalmat?
Da er MatSmiå noko for deg. Få fagleg påfyll og delta på nyttige kurs innan brødbakst, mjølkeforedling, søtsaker, design, smak og berekraftig mat. 10.-11. februar på Karmsund vgs i Haugesund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Til kursa har vi plukka kokkar frå øvste hylle; Arne Brimi, Morten Schakenda, Sverre Sætre og Frode Selvaag. Dei vil meir enn gjerne dele av sin kunnskap om råvarer og tillaging av mat.
Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, auka kompetanse og styrka nettverk mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.
Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; bønder, matprodusentar, foredlingsbedrifter, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat, tilsette innan offentleg forvalting og andre interesserte.
Les heile invitasjonen og programmet her.
Pris for deltaking:
- Alternativ 1: Inspirasjonssamling og kurs 2 dagar, inkl. lunsjar kr 1950,-
- Alternativ 2: Berre inspirasjonssamling første dagen, inkl. lunsj kr 1050,-
- Middag under kyndig leiing av Finn Lothe på Historiesenteret på Avaldsnes kr 500,-
Bindande påmelding innan 1. februar.
Påmelding og betaling skjer på Matsmiå 2016 – betaling med kort
Dei som ønskjer å få tilsendt faktura bruk denne lenkja MatSmiå 2016 - faktura (fakturagebyr på kr 50,-kjem i tillegg).
Følg Matsmiå på Facebook.
Arrangørar:
Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Karmsund vgs/Rogaland fylkeskommune og Bygdeutvikling Haugalandet.