Rekordmange lokalmatprodusentar på Gladmat 29. juni- 2. juli
Nå er det berre ei veke til det brakar laust i Stavanger med ein frisk og fresh Gladmat-festival. To år med corona er gløymt, og folk er klare for matopplevingar i særklasse og festivitas.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lokalmatprodusentane vil du i hovudsak finne i Vågen-området.
Hjelmeland trør til med eigen stand, og her vil du finne mange innan frukt og bær, sider/eplemost, lam og ost: Helgøybakkane fruktgard, Askvik frukt og bær, Buhagen, Eiane gard, Fjellam frå Ryfylke, Førre torgsalg, Grønvik Gard, Hauge gartneri, Helgøyfrukt, Hialam, Håbakken gard, Omcider, Ryfylke gardsysteri, Solheim gard, Tveitane gard og Uragarden.
Helgø Meny Food Court markerar seg med mellom anna Ystepikene, Mikals Laks, Prima Jæren, Albert Idsøe, Hervik og Litlestøl.
Under Matlauget finn du kjente og kjære produsentar som Topp Sopp, Midsummer, Smågrønt, Stavanger ysteri, Nyyyt og Strand gård.
På tide med feiring
På Gladmat sine heimesider skriv dei at tema i år er «Feiring». – «Etter noen tunge år med mye kjipt som både skjer og har skjedd, synes vi det er på tide å feire alt som er godt.»
Gladmat er for alle og du kan velje i eit hav av tilbod:
- Gladmat sin eigen bryggerifestivalen Malt og Humle i Ledaalsparken med mange lokale bryggeri av øl og sider.
- Gladmatløypene tar deg med på rundtur for å spise ulike Gladmatrettar på restaurantar i Stavanger.
- Kjøkkenfesten – koseleg minglearrangement med kokkar og produsentar med programleiar Sigurd Sollien og Ryfylkekokken Frode Selvaag er huskokken
- Kokepunktet ved Skur 6 med kjekke aktivitetar for alle matelskarar
- Mat, musikk og god stemning i Pedersgata
- DJ, dansing, dragbingo og Chili Klaus i Fargegata
- Næringslivslunsjen på Fish & Cow
Vår oppfordring: Ta med slekt og vennar til Stavanger og bli med på alle tiders feiring av Gladmat!