Tid for å søke om investeringsmidlar i landbruket for 2024
Landbrukspartnarskapet i Rogaland hever satsen til mjølkefjøs og dyrevelferdstiltak i tråd med nasjonale føringar.
14. desember var det årets siste møte i landbrukspartnarskapet for endeleg drøfting av spørsmålet som gjeld prioritering av investeringsmidlar i landbruket (IBU) for 2024.
Møtet var avtalt som ei oppfølging av tidlegare dialog om prioriteringar av IBU-midlane, og etter gjennomført webinar om same tema.
Innovasjon Norge la fram endelege tal for løyvingar i 2023, mellom anna at det er løyvd 48 millionar kroner til 22 mjølkefjøs. Det er elles løyvd om lag 13 millionar til 16 prosjekt til ammeku og 8 millionar til 12 saueprosjekt. På tilleggsnæringar er det løyvd tilskot til 20 prosjekt.
Auka sats for mjølkefjøs
Frå møtet 26. oktober var det semje om følgjande hovudprioriteringar:
- Rogaland aukar satsane på mjølkeprosjekt
- Prioritering av storfe, sau, frukt og veksthus frå starten av året
- Aktuelle saker frå 2023 blir gjort ferdig før nyttår, og blir avgjort i januar -24
- Så snart den regionale potten for 2024 er tom, blir det søkt om midlar frå nasjonal pott til lausdrift (storfe)
Auka sats SPF-gris
I møtet blei partnarskapet utfordra på enkelte tema. Det blei mellom anna semje om å auke satsane for SPF-gris (helsestatus gris) til 35 prosent av investering og inntil 500 000 kroner. For veksthus blir det prioritering av miljøtiltak som resirkulering av gjødsel, først og fremst til dei minste anlegga. Det kan løyvast tilskot til ombygging/nybygg for eksisterande ammeku- og saueproduksjon, og det var elles semje om fleksibel tilnærming i saker som gjeld generasjonsskifte.
Sjå elles Innovasjon Norge si nettside, under Rogaland, for meir informasjon.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66