Tomatkirurgi – ein banebrytande teknologisk prosess frå Jæren
Trolltunga Robotics og Wiig gartneri på Jæren har i fellesskap utvikla ein robot som skal sortere og pakke tomatar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samarbeidet med Wiig gartneri starta i 2017 etter utfordringar med tilgang på arbeidskraft. I tillegg er pakking sesongbetont og det monotone arbeidet krevjer nøyaktigheit. Etter fleire år med uttesting, har dei klart å utvikle eit avansert system med bruk av kamerateknologi og kunstig intelligens. Ifølge Launay er denne softwaren den einaste i sitt slag.
Kapitalkrevjande prosess
Jean-Marc Launay frå Trolltunga Robotics fortalte under Landbrukskonferansen om at det produserast 500 tusen robotar kvart år i verda, og av dette er det berre tre prosent som blir brukt innan matsektoren. 10 gangar fleire robotar blir brukt i bilproduksjonen. Launay hevda at potensialet innan matsektoren er stort, men det krevjer kapital.
For det er der dei står no. Dei er ikkje i mål med tomatroboten, men dei har tru på å få dette til. Bøygen er kapital.
Jærske selskap i front
På Klepp finn vi dotterselskapa Byte Motion og RobotNorge, som inngår i morselskapet Trolltunga Robotics som utviklar nye innovative løysningar med bruk av robotar og kunstig intelligens (AI) for å løyse farlege eller repetitive oppgåver. Dette gir miljøgevinst, betre arbeidsforhold og lønsemd, og frigjer menneskeleg arbeidskraft til meir skapande oppgåver.