Ystepikene er tildelt Spesialitet for Jærsk Havsletteost!
Utmerkinga for dei for å ha utvikla ein ost i særklasse som har ein rustikk utsjånad, og med smak av umami og syrlege undertonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruks- og matminister Sandra Borch heidra norske lokalmatprodusentar da ho opna Noregs stand under den store mat- og reiselivsmessa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin fredag 20. januar. Her fekk Ystepikene representert ved Siri og Jon Lea tildelt Spesialitet for fyrste gong for produktet Jærsk Havsletteost.
Merke for lokalmat i særklasse
Merkeordninga «Spesialitet» er ei offisiell merkeordning som viser forbrukaren veg til lokalmat i særklasse. Merkeordninga skal fremme mangfald av lokalmat- og drikke i Noreg og ordninga blir forvalta av Stiftelsen Norsk Mat kor produkta blir vurdert av ein uavhengig fagjury.
Heider og ære
Siri Lea fortel at det har vore ei stor oppleving å vere i Berlin på ei av verdas største matmesser og å få anerkjenning for Jærsk Havsletteost som eit kvalitetsprodukt i særklasse. I tillegg har det vore flott å bli nominert og stas å vere blant dei tre beste i kåringa av nasjonal Bedriftsutviklingspris. Sjølv om dei ikkje vant den nasjonal BU-prisen, så er det ære og anerkjenning for den jobben som Ystepikene har utført og det skaper mye merksemd.
Vidare seier Siri at Ystepikene blei oppfordra til å søke om Spesialitet samtidig som dei sjølve hadde tenkt å søke for å få en vurdering av osten. I november fekk dei den gledelege beskjeden om at Spesialitet var innvilga og er glade for at dei venta til januar for å prisen utdelt på IGW og håper at tildelinga vil føre til meir sal og marknadsføring av osten.
Inspirasjon til vidare utvikling
Vi spurte Siri om korleis det har vore å vere i Berlin og om det gir meirsmak å arbeide vidare med Ystepikene framover. Ho svarte følgande:
- Det har vore «Once in a lifetime»-oppleving, ein spennande arena å vere på med fokus på mat og reiseliv. Masse nye inntrykk. Det kjekkaste har vore å treffe alle dei menneska som jobbar med mat og drikke. Me drar heim med mye inspirasjon og kontaktar som vi vil bygge vidare på. Det er godt å treffe folk i Berlin for å snakke om norsk matproduksjon, det skjer ikkje så ofte heime i Noreg.
Fagjuryen si vurdering
Jærsk Havsletteost frå Ystepikene har fått tildelt Spesialitet-merket med bakgrunn i:
- Jærsk Havsletteost er laga som ein «stemningsost» som skal nytast oppvarma.
- Osten lagast av fersk mjølk frå familiegarden til Siri og Jon Lea. Mjølka pasteuriserast og blir tilsett kvitmugg, syrekultur og mjølkesopp før den blir syrna og tilsett løype. Koagel skjerast opp og pressa i former før salting og vidare mogningsprosess. Osten rullast i tørka og knust tare frå Mong før den pakkast i ein treeske.
- Jærsk Havsletteost har eit rustikt utsjånad og ein innbydande duft av salt. Smaken er prega av umami og rik med syrlege undertonar.
- Jærsk Havsletteost er eit produkt i særklasse.