Bondelaga inviterer til møte om Hålandsvatnet
Prosjektleiar Margit Reiersen deltek torsdag 9. februar på bondelagsmøte om Hålandsvatnet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.02.2023
Bondelaga i Stavanger og Randaberg, samt Hålandsvatnet grunneigarlag inviterer til informasjonsmøte om Hålandsvatnet i Sunde og Kvernevik bydelshus torsdag 9. februar klokken 19:00. Grunneigarar og bønder rundt Hålandsvatnet er velkomne.
Her blir det informasjon om prosjektet "Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet", og om aktuelle tilskotsordningar og kva som skal skje. På møtet vil representantar frå Norsk landbruksrådgivning, Frivillige tiltak i landbruket og landbruksforvaltninga i kommunane vere til stades.
Vel møtt!