Velkomen til ryddedugnaden på Hålandsholmen!
Laurdag 28. oktober klokken 11 inviterer Naturvernforbundet i Rogaland til ryddedugnad av Hålandsholmen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Naturvernforbundet i Rogaland ynskjer alle velkomen til ryddedugnad på Hålandsholmen!
Hålandsholmen skal ryddast for skog og kratt for å legge til rette for at hettemåkene og andre trua arter kan trivast på Hålandsholmen.
Oppmøte er vist med rød markør i kartet ovanfor. Kjem du med bil kan du parkere på P-plassen ved Kverneviksveien 145. P-plassen er vist med grøn markør på kartet. Følg turvegen (5-10 min) til oppmøtestad rett nord for holmen, vist med rød markør på kartet.
Møtt opp her kl. 11, og herifrå vil dei som deltar på dugnaden bli rodd over til holmen. Naturvernforbundet stiller med redningsvest til alle. Dugnaden startar kl. 11, og avsluttast kl. 17. Dersom du ynskjer å returnere til land tidlegare enn kl. 17 så ordnar det seg.
Ta med deg gode og varme arbeidsklede, hanskar og mat. Naturvernforbundet stiller med alt utstyr som er aktuelt å bruke. Dei byr på bålkokt kaffe og ekstremt kortreist eplemost fra Lyngnes gård. Alle som deltek på dugnaden er kollektivt forsikra av Naturvernforbundet.
Har du spørsmål er det berre å kontakte dugnadsleder Erik Thoring på tlf. 416 83 238 eller rogaland@naturvernforbundet.no
Meir informasjon om dugnaden kan du finne på arrangementet på facebook. Nå rydder vi skog og kratt på Hålandsholmen!
Velkommen til ryddedugnaden på Hålandsholmen