550 000 kr til miljø- og klimaprosjekt i Rogaland
Fylkesmannen i Rogaland forvaltar regionale klima- og miljøtiltaksmidlar i jordbruket. Fem prosjekt har fått finansiering i 2018.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.07.2018
Midlane blei lyste ut med søknadsfrist 15. mars. Fylkesmannen i Rogaland fekk inn 8 søknadar. Prosjekta som har fått støtte i 2018 er:
- Frivillige tiltak i landbruket, Rogaland landbruksselskap. Samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Jæren vannområde for å motivere bønder til å gjere tiltak for å betre vasskvaliteten i Jærvassdraga.
- Kartlegging av viktige restareal i Hå og Klepp, Ecofact Sørvest AS.
- Utprøving av beslutningsverktøy for riktig gjødsling i potet, NLR Rogaland. Støtte til feltforsøk i Rogaland som er ein del av eit større fellesprosjekt.
- Møteserie om etablering av brennelag for skjøtsel av kystlynghei. Magnus Søyland.
- Kartlegging av avrenning frå veksthus, Rogaland landbruksselskap.
Regionale prioriteringar for 2018
Søknadane blei behandla i tråd med prioriteringane som blei sette ved utlysinga. Her blei følgjande område særleg prioritert:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
- Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Kartlegging av avrenning frå veksthus
- Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
- Utvikling av retningsliner for etablering av plansiloar
- Kartlegging av viktige restareal på Jæren
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66