Utbetaling av midlar til klima- og miljøtiltak

Organisasjonar som har fått tilskot frå klima- og miljøprogrammet kan be om utbetaling via Altinn. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2023

Statsforvaltaren kan utbetale inntil 75 prosent av prosjektstøtta undervegs i prosjektet etter medgåtte utgifter. For å få sluttutbetaling må søkarane levere rekneskap og rapport. 

For å be om utbetaling må søkarane

  1. logge seg inn i Altinn.no
  2. velje kven dei skal representere (føretak eller privatperson)
  3. velje "Alle skjema" og søkje fram skjemaet Klima- og miljøprogrammet (KMP) - tilskudd til fylkesvise tiltak 
  4. velje "Start tjeneste" og "Vidare"
  5. Klikke på den blå knappen "Registrer utbetalingsanmodning" under søknaden. 

 

Slik ser det ut på skjermen når dei skal be om utbetaling av prosjektstøtte

Når søkarane ber om utbetaling må dei laste opp nødvendig dokumentasjon. For delutbetalingar er det nok å laste inn eit dokument som gir oversikt over medgåtte utgifter og kort oversikt over framdrifta i prosjektet. Ved sluttutbetaling må søkarane levere fullstendig prosjektrapport og rekneskap. 

Søkarane treng ikkje sende prosjektrapport og rekneskap til Statsforvaltaren sitt postmottak i tillegg. 

Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar

Statsforvaltaren i Rogaland forvalter årleg om lag 600 000 kr som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø. 

Måla for midlane er å bidra til:

  • At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.