Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2021
Statsforvaltaren i Rogaland har 800 000 kr frå klima- og miljøprogrammet til å støtte regionale prosjekt i 2021. Frist for å søkje er 15. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.01.2021
Regionale prioriteringar
Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram kan få støtte. I 2021 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag
- Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel
- Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon.
- Kartlegging av effekt av vipetiltak. Til dømes effekten av bruk av vipediskar ved miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og effekten av vipestriper i regionalt miljøprogram
Statsforvaltaren kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og vi viser til retningslinjene for ordninga.