Rekordsum av tildelte midler til drenering
I Rogaland har det totalt blitt innvilga nesten 6,5 millionar kroner til drenering. Det er enda ei lita rest ufordelte midlar igjen. Dersom du planlegg å drenera no eller i framtida er det ikkje forseint å søkje.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Status per idag
Per 21.09.2023 er det registrert 191 søknadar på dreneringstilskot. Det er 157 som er innvilga, og det er fleire som framleis er til handsaming. Nokre kommunar har nesten brukt opp alle midlane sine, og oppfordras til å søkje om meir om det kjem fleire søknadar. Nokre kommunar har ikkje brukt nokre då de ikkje har motteke noken søknadar.
Kvifor drenere?
Utan jord, luft og vann, - ingen plantevekst! Jorda er grunnlaget for meste all planteproduksjon. For å legge til rette for best mogleg avling, er det lønnsamt å starte med jorda. Det er mogleg å unngå avlingstap til flom og druking ved å auke jordas evne til å lede vekk overflatevatn.
Drenering kan óg bidra til å auke planterøttane sin evne til å strekje seg og hente opp næring ved å la vassjuk jord fylle porane med luft i staden for vatn. Dette vil bidra til å auke rotvesksta til plantene. Dette er særleg viktig for fleirårige produksjoner døme grovfôrproduksjon der ei veletablert plantekultur vil gjev ei klar økonomisk vinning.
Nye satsar
I forskrifta om tilskudd til drenering av jordbruksjord er satsane for drenering fastsatt for søknader etter 01.07.2023
Tilskot til drenering er frå 1. juli auka til kr 4000 per daa, kr 61 per meter grøft (maks kr 4000 per daa råka areal), og gjeld for søknadar sendt inn etter 1. juli 2023.