Får Rogaland nye område som Nasjonalt Utvalde kulturlandslandskap?

Sau på veg til å beite holmane på Kvitsøy. Foto: Kvitsøy Sau og Geit

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren skal på oppdrag frå Landbruks‐ og matdepartementet og Klima‐ og miljødepartementet tilrå nye område til Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) i løpet av hausten 2021. Holmane Kvitsøy og Utsira er nye kandidatar frå Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2021

Kva er Utvalde kulturlandskap i jordbruket?

Mange har sikkert besøkt eller vore på tur i UKL-område utan å være klar over det. Utvalde kulturlandskap i Noreg er natur, kultur og levebrød. Områda formidlar historie, gir oss opplevingar og verdiskaping. Det er ein nasjonal verdi for heile samfunnet.

Jordbrukslandskapet er skapt gjennom busetnad og bruk av landskapet gjennom fleire tusen år. Her finn du gravhaugar, bygningar, steingjerde og ferdselsvegar. Her er åker, slåtteng, beitemark, lynghei og lauvingsli. Heilskapen av tun, innmark og utmark inneheld store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Disse verdiane er avhengig av framleis bruk, skjøtsel og vedlikehald. Landbruket og bonden den viktigaste aktøren!

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har i eit spleiselag avsett spesielle tilskot til drift av nasjonalt viktige kulturlandskap, forankra i frivillige avtalar mellom grunneigarar og staten.

Grunnleggande for val av område er at:

  • Dei i størst mogleg grad har både store biologiske verdiar og store kulturhistoriske verdiar.
  • Det er realistisk å få til langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehald.

Noreg har vi i dag 46 UKL-område spreidd i alle fylka.

Rogaland

Rogaland har i dag to UKL område:

Rennesøy: Hodne – Sel, Helland – Bø og Austbøheia

Suldal: Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv.

Noreg fekk dei første UKL-områda i 2009. 10 år blei markert i 2019.

Nye kandidatar – Kvitsøy Holmane og Utsira øylandskap i havgapet

Kvitsøy Holmane

Kvitsøy har 365 øyer, holmar og skjær, alle med kalkrike bergartar. «Ei øy og holme for kvar dag i året». Øylandskapet er ope og småkupert, høgda over havet varierer frå 0 til 28 meter.

Meir enn 80 av holmane utanom hovudøyane har blitt beita historisk. Holmane har vore og er ein viktig utmarksressurs for gardsbruka på Kvitsøy. Til og med små skjær der sauene berre kunne beita nokre få dagar eller veker (flytteskjær) blei brukte. I 2020 var det til saman 351 sauer på beite i 47 holmar med eit totalt areal på omlag 2000 dekar.

Holmane har blitt beita i svært lang tid. På nokre av desse har det vore busetting og gardsbruk. Det har beita sauer på disse øyane og holmane tilbake til jernalderen. Den skjerma plasseringa i skjærgarden, uforstyrra av moderne inngrep, gir ein unik kontekst til desse anlegga frå jernalderen.

Mange ulike fugleartar hekker i holmane rundt Kvitsøy. På holmane i Kvitsøy er det registrert 53 ulike raudlista artar, hovudvekt på fugl men også blomsterplantar, moser, lav og sopp. Areala på holmane er svært rike, og med eit særskilt vintermildt klima.

Skjøtsel i Holmane er utført av bøndene ved beiting, rydding og brenning. Bøndenes si gode skjøtsel av Kvitsøy og Holmane ga dei Nasjonal kulturlandskapspris i 2017. Kulturlandskapet på holmane i Kvitsøy representerer ei bruk og skjøtsel med stor tidsdjupne, lang kontinuitet, særpreg og stor formidlingsverdi.

Utsira - Øylandskap i havgapet

Landskapet på Utsira er vitne på historia om kystfiske og småskala landbruk heilt frå steinalderen og fram til i dag. Utsira har fleire gardsanlegg og særs mange tal hustufter frå jernalder.

Øya har eit småkupert landskap med låge kollar, smådaler, viker og einskilde planta skogholt. Innmarka og bustadar ligg i daldraget midt på øya frå sør til nord. Hamnene Nordvågen og Sørevågen ligg i kvar ende av daldraget. Utmarka ligg i aust og vest på øya.

Nesten all utmark på Utsira og kystlinja med tareskog og skjelsand kring øya ligg i Naturbase. Utmarka var i tidlegare tider kjelde til brensel (torv) og vinterfôr for dyra, - og blir nytta til beite for husdyr, fortrinnsvis sau enno. Landskapet på heiane er prega av høge steingardar, bygd på slutten av 1800-tallet og starten av 1900-tallet.

Fuglelivet på øya er omfattande og har høg verdi for naturmangfald, storsamfunnet og ålmenta. Nærare 60 tufter etter måkehus er registrert på øya. Måkehusa ble nytta til måkefangst og er sjeldan andre stader i landet. Denne fangstmetoden var i bruk fram til slutten av andre verdskrig, men bruken kan gå tilbake til mellomalder/forhistorisk tid.

Det tette samanhengane i småskala landskapet og nærleiken til storhavet, med himmel og hav på alle kantar, styrkar landskapstrekka og gjer Utsira til et særmerkt område med stor opplevingsverdi på kystkultur og kystidentitet.

Godkjenning nye kandidatar

Tidsplanen for nye UKL-område er å godkjenne nye kandidatar i løpet av perioden 2021–2025.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.