Restaurering av gamle ferdselsvegar på Mokleiv – eit utvald kulturlandskap

Hausten 2018 blei første del av den gamle ferdselsvegen på Mokleiv restaurert. Arbeidet er gjort i særs bratt terreng, og det er lagt ned stor innsats i fjellsikring av lause parti.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2019

Mokleiv i Suldal kommune er med i den nasjonale satsinga på Utvalde kulturlandskap (UKL) Her blir landbruksdrift kombinert med tiltak for å sikre verdiar på biologisk mangfald, kulturlandskap, kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljø.

Eirik Moe eig den brattlente UKL-garden Mokleiv i Suldal kommune. Gamle bygningar, ferdselsårer og skjøtsel av eit kulturlandskap prega av styvingsskog i særs bratt terreng er noko Eirik ønskjer at besøkjande skal få oppleve. Restaurering av gamle ferdselsårer er første trinn for gi turgåarar ei god kulturhistorisk vandring.

Hausten 2018 blei første del av den gamle ferdselsvegen på Mokleiv restaurert. Innleigde sherpaer, Ang Temba Sherpa, Raj Bahadur Rai, Sonam Tshering Sherpa og Pemba Ongchu Tamang utførte jobben – i særs bratt terreng. Det blei lagt ned stor innsats i fjellsikring av svært lause, og ganske store parti av fjell, ovanom turstien. Den øvste og brattaste delen er no ferdig sikra.

Når heile traseen på 600 meter er restaurert får folk ei fin rundløype opp i slåttemarker og gjennom hausteskogen ovanom Øvre Mokleiv. Her har NINA eit forskingsprosjekt på styvingstre. Planen på sikt er å tilby kultur- og naturformidling i form av skilting og utstilling i ei nyrestaurert løe oppe på Hova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar