Desse prosjekta får klima- og miljøtiltaksmidlar i 2019
Fylkesmannen i Rogaland fekk i år 690 000 kr til å støtte regionale prosjekt. Så langt har sju prosjekt fått støtte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.04.2019
Føremålet med Klima- og miljøprogrammet i jordbruket er å stimulere til gode løysningar på miljøutfordringane gjennom å støtte informasjonstiltak og utgreiing. Kvart fylke får årleg regionale midlar til å støtte gode prosjekt. I 2019 fekk Rogaland søknadar om til saman 715 800 kr. Sju prosjekt har så langt fått støtte:
Prosjekt | Organisasjon |
Frivillige tiltak i landbruket. Samarbeidsprosjekt mellom kommunane på Jæren for å stimulere til tiltak i jordbruket som kan betre vasskvaliteten i Jærvassdraga. |
Hå kommune er vertskommune på vegne av Klepp, Time, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Sola, Randaberg. |
Video om miljøtiltak. | Hå kommune |
Forprosjekt, vask av fjørfehus. Vurdere om vasking av fjørfehus kan gi næringsavrenning til vassdrag, og klargjere behov for prøvetakingsprosjekt. | NIBIO |
Miljøregistrering på gardsbruk i Time. | Time kommune |
Næringsinnhald og volumvekt av fjørfegjødsel. | NLR Rogaland |
Soner for pollinerande insekt. | NLR Rogaland |
Kartlegging av avrenning frå veksthus | Rogaland landbruksselskap |
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66