Prosjektstøtte i 2023 til klima- og miljøtiltak
Statsforvaltaren har løyvd midlar til ni ulike prosjekt som skal bidra til å løyse klima- og miljøutfordringane i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.04.2023
Statsforvaltaren blei tildelt 600 000 kr til klima- og miljøprogrammet, KMP. I tillegg er det dratt inn midlar frå tidlegare, ikkje gjennomførte tiltak. Det blei sendt søknadar for over 1,3 millionar kroner i 2023.
Desse prosjekta har fått støtte
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND | Avlingsregistrering med sikte på å finne fosforbalanse i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet | 63 975 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND | Rådgiving til bønder i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet om miljøtiltak i eigen drift | 94 800 |
NIBIO FURENESET | Avrenning av nitrogen og fosfor frå jordbruksareal i Rogaland | 75 000 |
TYSVÆR KOMMUNE TEKNISK | Frivillige tiltak i landbruket - Haugalandet | 13 000 |
KLEPP KOMMUNE | Kartlegging av lagringsforhold for surfôr (silosaftprosjektet) | 36 000 |
MAGNUS SØYLAND | Seminar om jordflytting i sør- Rogaland | 66 114 |
NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING ROGALAND | Praktiske utprøvingar av biogjødsel | 69 000 |
GRØNT RÅD AS | Redusert avrenning fra veksthus, - oppfølging av gartnerne i Rogaland | 100 000 |
HÅ KOMMUNE LANDBRUKSKONTORET | Frivillige tiltak i landbruket | 198 080 |
SUM | 715 969 |
Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar
Statsforvaltaren i Rogaland forvalter årleg om lag 600 000 kr som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø.
Måla for midlane er å bidra til:
- At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
- Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
- Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66