Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2019
I 2019 har vi 690 000 kr til å støtte prosjektsøknadar som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet. Frist for å søkje er 15. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regionale prioriteringar
Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram. I 2019 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
- Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Kartlegging av avrenning frå veksthus
- Handtering av vaskevatn i driftsbygningar
- Potensiale for nydyrking og etablering av nye innmarksbeite på Jæren med låg grad av konflikt
- Miljøregistreringar på gardsbruk
Fylkesmannen kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og vi viser til retningslinene for ordninga.
Elektronisk søknad og svar på søknad
Du søkjer elektronisk i Altinn. På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du informasjon om korleis du leverer søknaden. Når Fylkesmannen har behandla søknaden vil svaret kome elektronisk, og søkjarane vil få melding via e-post eller mobil.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66