Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2023
Statsforvaltaren i Rogaland har fått 600 000 kr frå klima- og miljøprogrammet til å støtte regionale prosjekt i 2023. Frist for å søkje er 15. mars.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regionale prioriteringar
Søknadar som støttar strategiar i regionale planar og i Regionalt miljøprogram kan få støtte. I 2023 ønskjer vi særleg å få inn søknadar på følgjande område:
- Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag. Hålandsvatnet er særleg prioritert.
- Prosjekt som styrkar klimavenleg driftspraksis i jordbruket.
- Prosjekt innan følgjande tema:
- Reinseteknikkar for vaskevatn frå landbruksbygg.
- Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel.
- Effekt av spreieteknikk på avrenning av husdyrgjødsel.
- Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon.
- Erfaringsutveksling, bruk av resirkuleringsanlegg for gjødselvatn i veksthus og oppfølging av gartnarane.
- Mobilisering for pollinatortiltak.
Statsforvaltaren kan støtte inntil 75 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet (endra i 2023), og vi viser til retningslinjene for ordninga.
Søkje tilskot
På Altinn.no finn du skjemaet " Klima- og miljøprogrammet (KMP) - tilskudd til fylkesvise tiltak". For å søkje prosjektmidlar må du logge inn med riktig rolle i Altinn, og fylle ut skjemaet. Du må ha rolla "Primærnæring og næringsmidler" eller ha tilgang til tenesten, sjå rettleiing på Altinn.no. Søknadsfristen er 15. mars. Alle som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte, til dømes: fag- eller næringsorganisasjonar, institusjonar som driv med utgreiing eller forsking, eller andre føretak.
Prissetting av eigeninnsats: Timesats blir rekna ut frå 1,2 promille av brutto årslønn, maks. kr 800 per time.
Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle fråvike frå timesats og krav om eigenandel.
Oppdatert 08.02.2023