Høyring av Regionalt miljøprogram i Rogaland 2023–2026
Regionalt miljøprogram gir føringar for regionalt miljøtilskot i jordbruket. Ny programperiode er 2023–2026, og Statsforvaltaren legg utkast til nytt miljøprogram for Rogaland med tilhøyrande forskrift ut til open høyring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Høyringsfrist
Frist for å kome med svar på høyringa er 1. mars 2023. Høyringssvar sender du til: sfropost@statsforvalteren.no
Kort om regionalt miljøprogram
Kva er dei største miljøutfordringane i jordbruket i Rogaland? Og kva miljøtiltak kan jordbruksføretaka i fylket få økonomisk støtte til? Regionalt miljøprogram skal vere med på å gi svar på dei spørsmåla. Noreg er eit langt land, og trykket frå dei ulike miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Regionalt miljøprogram blei innført i 2005 for å styrke innsatsen i jordbruket på miljø, og har sidan vore eit verkemiddel finansiert over jordbruksavtalen. Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide fireårige program, for å forvalte regionalt miljøtilskot i jordbruket og for å tildele kommunane midlar til Spesielle miljøtiltak i jordbruket, SMIL. Landbruksdirektoratet kom i 2022 med sin instruks for regionale miljøtilskot 2023–2026. Instruksen gir oversikt dei regionale miljøtilskota som Rogaland kan velje å ta i bruk.
I Rogaland involverer arbeidet Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland fylkeskommune, kommunal landbruksforvaltning og Norsk landbruksrådgiving Rogaland.
Regionalt miljøprogram gir føringar for regionalt miljøtilskot i jordbruket og tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). Den inneheld strategiar for å oppnå miljømål i planen. Her er prosjektmidlar frå klima- og miljøprogrammet, KMP inkludert.
Foreslår to nye tilskotsordningar
Statsforvaltaren har laga utkast til nytt Regionalt miljøprogram i Rogaland. Forslaget blei behandla av styringsgruppa 27. januar 2023. I tillegg til å vidareføre dagens tilskotsordningar, er det foreslått å innføre tilskot til brenning av kystlynghei og tilskot til bruk av biokol på jordbruksareal. Det er også foreslått å innføre tak for maksimal mengde husdyrgjødsel per spreiing ved tilskot til nedlegging og nedfelling av husdyrgjødsel.
Prosess fram mot høyring
Statsforvaltaren hadde i samarbeid med mellom anna Rogaland fylkeskommune og Rogaland bondelag fleire temamøte om rulleringa av regionalt miljøprogram:
- 22. juni: Temamøte om gjødselressursane i Rogaland
- 29. august: Temamøte om friluftsliv
- 13. september: Temamøte om kulturminne og kulturmiljø- blei avlyst.
- 20. september: Temamøte om jord og jordhelse, fokus på biokull
- 27. september: Temamøte om biologisk mangfald
- 30. september: Temamøte om avrenning til vatn
Mange av innspela gitt i møta er forsøkt innarbeid i utkastet.
Styringsgruppe for Regionalt miljøprogram
Statsforvaltaren administrerer Regionalt miljøprogram. Det er sett saman ei styringsgruppe som er med og set tilskotssatsar og føringar for Rogaland. Styringsgruppa har minimum to møte i året, og består per 1. januar 2023 av desse personane:
Geir Skadberg |
leiar av styringsgruppa, Statsforvaltaren, landbruk |
Monica Dahlmo |
Statsforvaltaren, landbruk |
Nono Dimby |
Statsforvaltaren, landbruk |
Kirsten Redmond Kristiansen |
Statsforvaltaren, miljø |
Kristian Wilén Haaland |
Statsforvaltaren, miljø |
Kjersti Dahl |
Rogaland fylkeskommune, kulturarv |
Steinar Eldøy |
Rogaland fylkeskommune, regionalplan |
Irene Tjøstheim |
Rogaland Bondelag |
Stig Helgesen |
Rogaland Bonde- og småbrukarlag |
Steinar Nordvoll |
Eigersund og Sokndal kommunar, representant for kommunal landbruksforvaltning |
Birgitt Harstad |
Norsk landbruksrådgiving Rogaland |
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Else Fredheim Hodne
Tlf: 51 56 89 77 -
Margit Reiersen
Tlf: 51 56 87 76