Nytt utvald kulturlandskap i Suldal
Området Hamrabø, Mokleiv og Klungtveit er no blitt eit utvald kulturlandskap av stor nasjonal verdi. Her finn vi eit velstelt beitelandskap med vakre historiske bygningar, bakkemurar og styvingstre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eit av 41 utvalde kulturlandskap i Noreg
– Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursane og lokalt engasjement er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale når han fredag lanserte ni nye område som utvalde kulturlandskap. I Rogaland blei Suldal valt ut med områda Hamrabø, Mokleiv og Klungtveit. At desse områda no er med kan vi takke grunneigarane sin skjøtsel og beiting med sau og storfe. Her finn vi kvalitetar som er av nasjonal verdi.
Lokal forankring
Satsinga på utvalde kulturlandskap bygger på eit frivillig samarbeid mellom grunneigarar og forvaltning. Med status som Utvald kulturlandskap følger økonomiske verkemiddel som skal bidra til langsiktig drift, skjøtsel og vedlikehald. I Suldal blei det på grunneigarmøte i mai oppretta følgande styre:
- Styreleiar: ordførar i Suldal kommune, Gerd Helen Bø
- Styremedlem frå Suldal kommune, einingsleiar for Bygdeutvikling: Endre Gjil
- Grunneigar Neri Havrevoll
- Grunneigar Kolbein Havrevoll
- Grunneigar Jarle Tveit
- Fylkesmannen i Rogaland: Nono Dimby (landbruk) og Eirik Steen Larsen (miljø)
- Rogaland Fylkeskommune, kulturavdelinga: Angunn Skeiseid
Det blir no laga ein felles forvaltningsplan for området.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66