Utsira kommune valt som Utvalt kulturlandskap – gratulerer!
Øylandskapet i havgapet der vest har fått nasjonal merksemd. Den nasjonale satsinga på Utvalde Kulturlandskap (UKL) skal ta vare på særs verdifulle kulturlandskap. Utsira er eit av fem nye UKL-område i Norge og det tredje i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland har frå før Hodne-Helland-Bø i Stavanger (Rennesøy) og Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv i Suldal som UKL-område. Med Utsira og fire andre nye godkjende område i Norge, har vi no 51 UKL-område spreidd kring i heile landet.
UKL-visjonen kombinerer aktivt landbruk med tiltak som tek vare på verdiar innan biologisk mangfald, kulturlandskap, kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljø. Satsinga på utvalde kulturlandskap bygger på eit frivillig samarbeid mellom grunneigarar og forvaltning. Med status som Utvald kulturlandskap følger økonomiske verkemiddel som skal bidra til langsiktig drift, skjøtsel, vedlikehald av kulturlandskapet samt ei eventuell satsing på næringsutvikling og informasjon om UKL-satsinga på Utsira.
Om Utsira
Øya Utsira ligg 18 kilometer ute i havet vest for Karmøy. Øykommunen er ut frå areal, landets nest minste kommune og er etter folketal den minste. Landskapet på Utsira vitnar om ei historie med kystfiske og småskalalandbruk heilt frå steinalderen og fram til i dag. Utsira har fleire gardsanlegg og særs mange tal hustufter frå jernalder. I eit ope godt skjøtta lyngheilandskap i Vestmarka ligg det minst åtte hustufter frå folkevandringstida.
Spesielt landskap i havgapet
Øya har eit opent og småkupert landskap med låge kollar, smådalar, viker og einskilde planta skogholt. Innmarka og bustadar ligg i daldraget midt på øya frå sør til nord. Hamnene Nordvågen og Sørevågen ligg i kvar ende av daldraget. Utmarka ligg i aust og vest på øya.
Nesten all utmark på Utsira og kystlinja med tareskog og skjelsand rundt øya ligg i Naturbase. Utmarka var i tidlegare tider kjelde til brensel (torv) og vinterfôr for dyra, og blir enno nytta til beite for husdyr, fortrinnsvis sau. Landskapet på heiane er prega av høge steingardar, bygd på slutten av 1800-talet og første del av 1900-talet.
Verdskjent fugleliv
Fuglelivet på øya er av stor interesse for ornitologar, og gir mange tilreisande. Nærare 60 tufter etter måkehus er registrert på øya. Måkehusa ble nytta til måkefangst og er sjeldan andre stader i landet. Denne fangstmetoden var i bruk fram til slutten av andre verdskrig, men bruken kan gå tilbake til mellomalder/forhistorisk tid.
Det tette samanhengane i småskalalandskapet og nærleiken til storhavet, med himmel og hav på alle kantar, styrkar landskapstrekka, og gjer Utsira til eit særmerkt område med stor opplevingsverdi innan kystkultur og kystidentitet.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78