Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2023
Har du eller veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbruket og bygdene sine ressursar? Vinnaren kan få heile 300 000 kroner. Frist for å melde inn kandidatar er 21.august!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Innovasjon Norge Rogaland deler kvart år ut denne næringslivsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket. Vi snakkar her om landbruksnæring i vid forstand. Prisen består av eit diplom og prispengar på kr 50.000. Fylkesvinnaren skal i neste omgang ut og kjempe om den nasjonale BU-prisen og ytterlegare 250 000 kroner. Den nasjonale prisen blir delt ut under Internationale Grüne Woche i Berlin januar 2024.
Kandidatane blir vurdert etter følgjande kriteria:
Berekraft
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
Innovasjon og nyskaping
Frist for å melde inn kandidatar er 21. august.
I fjor kjempa Ystepikene som eit av tre føretak om den nasjonale prisen, men måtte gje tapt for Den Sorte Havtre frå Viken.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13