Mjølka har ein enorm verdi for Rogaland
Basert på svært gode gras- og beiteforhold blir mjølka produsert i nær heile fylket. Dei produktive kyrne bidrar med 3000 kr pr innbyggar i fylket i verdiskaping – berre på bondeleddet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mjølkeproduksjonen er den viktigaste verdiskaparen i landbruket i fylket og var på 1,35 milliardar kroner på bondeleddet i 2017.
– Vi er stolte over å kunne seie at mjølka blir produsert i heile fylket, i nesten alle kommunar. Berre Utsira manglar mjølkekyr, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.
God fordeling mellom Jæren og distrikta
Rogaland er ein eigen produksjonsregion i mjølkekvotesamanheng. Mjølkekyrne i Rogaland kan produsere 290 millionar liter i 2019. Sidan 2008 har produksjonen i fylket auka med 3,5 prosent.
Ser vi nærare på regionane, så er det Jæren som har styrka seg mest dei siste 11 åra med ein auke på 6,9 prosent. Haugalandet har størst reduksjon med 4,2 prosent. Samanliknar vi region Jæren med resten er fylket, så blir 35 prosent av mjølka produsert i distrikta våre. Dette er også eit regionalpolitisk mål. Det er viktig å halde oppe mjølkeproduksjonen i heile fylket.
Sandnes i negativ utvikling
På Jæren blir det totalt produsert 189 millionar liter mjølk, og alle kommunar aukar unntatt Sandnes og Stavanger som har nedgang på 11 prosent (om lag 3 millionar liter) og 8,7 prosent (272 000 liter). Det er uventa at Sandnes har hatt så pass stor reduksjon.
Det er interessant å følgje med Gjesdal som, målt i prosent, har auka mest av alle jærkommunane det siste året.
Bjerkreim styrkjar seg
I Dalaneregionen blir det produsert nær 28 millionar liter kumjølk, og det er Bjerkreim som held posisjonen som den største mjølkekommunen i Dalane. Bjerkreim har bygd seg opp med om lag 1,5 millionar liter sidan 2008. Fallet i kvoter har vore betydeleg i Lund, Sokndal og Eigersund med 1,8 millionar liter. Desse tre kommunane fasar ut om lag 160 000 liter kvart år.
Vindafjord i stabilt sideleie
Haugalandet har ein totalproduksjon på snaut 35 millionar liter mjølk. Alle kommunane unntatt Bokn reduserer mjølkekvotene. Bokn har auka med om lag 400 000 liter, noko som er veldig bra. Størst nedgang i tal liter har Tysvær. Sidan 2008 har Tysvær hatt ein reduksjon på 1,0 million liter og Karmøy 400 000 liter. Denne tendensen har vart i lengre tid, og det er ikkje bra for verken Tysvær eller Karmøy. Vindafjord er tungvektaren på Haugalandet med snaut 21 millionar liter, og har ein relativ stabil produksjon. Utfordringa til spesielt Vindafjord er at fornyinga av fjøsa går for sakte med tanke på lausdriftskravet som kjem i 2034. Vindafjord har lågast «lausdriftsandel» av alle kommunane i Rogaland. Heile 83 prosent av fjøsa er båsfjøs.
Kva er det med Finnøy?
Ryfylke har ein totalproduksjon på vel 38 millionar liter mjølk. Ryfylke er den einaste regionen som aukar produksjonen frå 2018, og av alle kommunane i Rogaland er det Finnøy som aukar mest, med 6,0%. Vi må tilbake til 2014 for å finne høgare mjølkekvote for Finnøy.
Finnøy og Suldal har kvar seg «mista» om lag 1,1 millionar liter sidan 2008. Det er mest dramatisk for Suldal ettersom dei har halvparten (5 mill liter) av mjølkemengda som Finnøy (10,6 mill liter). Strand derimot, har auka med 1,0 million liter til 5 millionar liter. Det er og gledeleg at mjølkemengda aukar i både Kvitsøy og Rennesøy kommunar.
Så, kva er det som har skjedd med Finnøy det siste året? Jo, student Ruben Eggebø ved Universitetet i Stavanger gjennomførte ei studentoppgåve våren 2018 hos Fylkesmannen i Rogaland der temaet var «Framover Finnøy mjølk». Han kartla mjølkebøndene sin vilje til å satse og investere for framtida. Bakgrunnen var stagnasjon i fornying av fjøsa. Pilane peikte nedover. Ruben skapte engasjement og fekk bøndene med seg på studietur, møte og på bondepub. Resultatet er at fire unge bønder har fått innvilga støtte frå Innovasjon Norge til nye fjøs. Mobilisering – det funkar!
Statistikk og prosentberekning er interessant fordi det viser utviklingstrekk. Det vi skal vere klar over er at vi kan få store prosentutslag i dei kommunane som har relativt liten produksjon, til dømes Bokn. Men, det er ikkje desto mindre gledeleg at Bokn har auka mjølkeproduksjonen med godt over 50 prosent.
Du kan studere kommuneoversikta nøyare sjølv og gjere dine eigne refleksjonar!