Inviterer kvinnelege skogeigarar til samling i november

Kvinner i Skogbruket har starta nytt fylkeslag i Rogaland, og ønsker å bidra til at kvinnelege skogeigarar skal lære meir om eigen skog. Laget inviterer til lokalsamling på Preikestolen Fjellstue 19. og 20. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2016

- Vi arrangerer dette for å bli kjend med kvinnelege skogeigarar frå heile fylket, og for å skape eit sosialt nettverk som vi opplever at ikkje finst her frå før, seier Ingeborg Anker-Rasch, ei av dei som har starta fylkeslaget. – Det er mange kvinner som eig skog i Rogaland som vi trur kan ha nytte av å lære meir om kva ressurs skogen utgjer. Kunnskap om rett skjøtsel av skogen, til dømes kva tiltak som bør utførast når og rett tidspunkt for hogst, kan gje gode inntekter for skogeigaren, fortel Ingeborg.

Tårn Sigve Schmidt frå Rogaland er sertifisert Skogkurs-instruktør, og bidrar med eit tilpassa «Innføringskurs i skogbruk» på samlinga i november. Dette inkluderer tema som skogbrukets aktørarøkonomi, bruk av skogbruksplan, og skogbehandling. Delen om praktisk skjøtsel vil foregå ute i skogen. I tillegg vil Tårn Sigve informere om ulike kurs som kan være aktuelle å halde neste år.

– Vi ønsker å høyre kva kvinnelege skogeigarar i Rogaland har lyst til å lære meir om, enten det gjeld praktiske sider ved skogbruk, bruk av skogfond, eller bare å vite meir om kva som finnst der ute av rådgjeving og hjelp.  Både erfarne som uerfarne skogeigarar kan ha nytte av å lære meir om dette.

- Vi gler oss også til å få omvising i eitt av dei mest spennande trebygga i Rogaland, Preikestolen fjellstue, avsluttar Ingeborg.

 

Påmelding innan 4. november på e-post. For å være sikra overnatting bør du melde deg på snarast. 

Programmet for samlinga finn du her.

Les meir om fylkeslaget på facebook-siden deira.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.