Vindafjord viser veg på utnytting av fornybare og lokale skogressursar
Skog og landbrukskommunen Vindafjord går for flisfyring i Nedre Vats og skal dekke oppvarmingsbehov til Vindafjordtunet, symjehall, bygdehus og Vats skule.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Saka var oppe på ekstraordinært formannskapsmøte nå sist tysdag 14. februar, og blei einstemmig vedtatt. Vindafjord kommune har frå før god erfaring med bruk av skogbasert bioenergi til oppvarming av eigne bygg. Flisfyringsanlegg blei valt framføre å investere i energibrønnar og varmepumper. Lokale arbeidsplassar og avlastning av kapasiteten på elnettet blei blant anna trekt fram som gode argument under drøftinga av saka.
Du finn saka og behandling av denne i formannskapsmøtet live på denne lenka: Vindafjord KommuneTv
Kontaktpersonar
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72