Hugs teljedato og søknadsfrist for produksjonstilskot i oktober!
1. oktober er teljedato for dyr som skal registrerast i søknad om produksjons- og avløysartilskot. Same dag opnar søknadssystemet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dyr som skal registrerast i søknad om produksjons- og avløysartilskot no i oktober skal teljast 1. oktober.
Frå 1. oktober kan du òg gå inn i søknadssystemet og leggja inn dyretal, areal og anna som skal registrerast i søknaden no i oktober. Fristen for å søkja er 15. oktober. Har du søkt innan fristen, kan du gå inn og endra opplysningar eller leggja inn nye opplysningar innan 29. oktober.
Hugs å sjå gjennom kvitteringa du får når søknaden er levert! Då kan du sjå om det er noko du har gløymt å føre opp eller noko som er registrert feil i søknaden.
Sjå meir informasjon og rettleiing på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Under kan du lesa om nokre endringar som følgje av jordbruksoppgjeret 2023:
Strukturdifferensierte satsar for arealtilskot til grønsaker, frukt og bær
Nytt frå og med i år er at det er innført strukturdifferensierte satsar for arealtilskot til grønsaker, frukt og bær. For grønsaker betyr det at det er høgast tilskot til dei fyrste 300 dekarane, og noko lågare tilskot for areal ut over det. For frukt er det høgast tilskot til dei 75 fyrste dekarane, for bær er grensa 150 dekar.
Dette betyr at det i søknaden er nødvendig å oppgi om du er i driftsfellesskap med andre føretak innan frukt-, bær- eller grønsaksproduksjon.
Husdyrtilskot til ammegeit
Ammegeit og sau har tidlegare vore i same gruppe for husdyrtilskot, med felles sats og intervall. Ammegeit er no i ei eiga satsgruppe med noko høgare satsar enn sau.
Tiltak grunna tørka på forsommaren
Forsommaren 2023 fekk Landbruks- og matdepartementet i samråd med faglaga nokre tiltak på plass for å letta situasjonen for tørkeramma bønder. Når det gjeld produksjonstilskot blei følgjande beslutta:
Arealtilskot til korn:
Produsentar som vel å ensilera kornavlinga (òg der heile planta blir hausta) eller på annan måte nyttar planta som grovfôr (ved hausting eller beiting), kan søkja om arealtilskot til korn.
Tilskot til dyr på innmarksbeite:
Kravet til at hovuddelen av fôropptaket skal skje gjennom beiting kan fravikast. Dette gjeld bare beitetilskot til dyr på innmarksbeite, ikkje tilskot til dyr på utmarksbeite.
Økologiske grøngjødslingsareal:
Produsentar som har nytta økologisk grøngjødslingsareal til fôr eller beite kan likevel søkja om tilskot til økologisk grøngjødsling.
Ta kontakt med kommunen dersom du meiner du er i målgruppa for å nytta tiltaka for tørkeramma bønder.