29. mars er siste frist for å endre opplysningar i søknad om produksjonstilskot
Du kan endre opplysningar i innlevert søknad om produksjonstilskot innan 29. mars. Gløymte du søknadsfristen, så kan du fram til 29. mars levere inn søknad. Vær merksam på at søknadar levert etter 15. mars blir redusert med 1000 kr per dag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er del 1 av søknaden om produksjons- og avløysartilskot 2020 som skal leverast i mars. Dette gjeld for føretak som driv med husdyrproduksjon. Det er dei dyra føretaket disponerte 1. mars som skal førast opp i søknaden. Søknadsfristen var 15. mars.
Frist for endring er 29. mars
Føretak som har sendt inn søknad innan søknadsfristen, kan gå inn i søknaden og endre opplysningane i søknaden i inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie til og med søndag 29. mars.
Kan levere søknad inntil 14 dager etter søknadsfristen
Har føretaket ikkje fått levert søknaden innan fristen 15. mars, så er det mogleg å sende inn søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, det vil seie til og med søndag 29. mars. Søknader som blir leverte etter 15. mars, vil få redusert utbetalinga med 1 000 koner for kvar dag over fristen.
Dispensasjon frå søknadsfristen
Etter 29. mars er det ikkje mogleg å levere søknad utan dispensasjon frå søknadsfristen. Dispensasjon frå søknadsfristen er berre aktuelt der det er ein spesiell forbigåande årsak utanfor søkjars kontroll som er årsak til søknaden ikkje blei levert i rett tid, til dømes alvorleg sjukdom. Søknad om dispensasjon skal sendast til kommunen. Kommunen sender søknaden vidare til Fylkesmannen som avgjer søknaden.