Kvotegrense på Jæren fjerna
Fylkesmannen har etter påtrykk frå Landbruks- og matdepartementet endra prioriteringane av kven som kan få tilskot til investeringar til nye kufjøs på Jæren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Partnarskapen som står bak dei strategiske føringane for bruk av bedriftsretta landbruksmidlar, signaliserte i oktober at mjølkebruk på Jæren ville ha prioritet så sant den årlege produksjonskapasiteten ikkje var høgare enn 350 000 liter mjølk.
Dette fekk landbruks- og matdepartementet til å regagere. På Innovasjon Norge sitt møte om strategiske føringar for bruk av midlane sa Fylkesmannen at vi går tilbake på prioriteringane av mjølkebruk.
Grunna knapp tilgang på tilskotmidlar, og rekordhøg søknad i 2015, blei det for 2016 valt å ha klare prioriteringane for bruken av midlar.