Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Søknadsfrist for produksjonstilskott i jordbruket og avløysartilskott ved ferie og fritid er fredag 20. januar 2012. Føretak som skal søkje tilskott blir oppmoda om å søkje via Altinn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.01.2012

Føretak kan søkje produksjonstilskott dersom dei driv vanleg jordbruksproduksjon og disponerer dyr/areal. 

I tillegg må ein innan 20. januar:

  • vere registrert i Einingsregisteret
  • vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller ha hatt ei samla omsetjing og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr. 20.000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringstidspunktet 1. januar 2012

Ein kan søkje på følgjande ordningar:

  • Tilskot til husdyr
  • Driftstilskott til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskott til spesialisert kjøttfeproduksjon
  • Tilskott til bevaringsverdige storferasar
  • Tilskott til økologisk husdyrproduksjon
  • Distrikts- og kvalitetstilskott til grøntproduksjon
  • Tilskott til avløysing ved ferie og fritid

Søknadsfrist
Frist for å levere søknad om produksjonstilskott og avløysartilskott for ferie og fritid er fredag 20. januar 2012.

Søknad skal sendast via www.altinn.no eller på originalskjema til kommunen.

Forskrift og rettleiingshefte finn du på www.slf.dep.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.