Stor vilje til å investere i landbruket i Rogaland
Året 2022 starta med sjeldan låg etterspurnad etter investeringsmidlar i landbruket, men allereie i august gjekk Innovasjon Norge tom for midlar. 70 prosent av midlane gjekk til å støtte 37 mjølkeprosjekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Frå streng prioritering til mobilisering
Normalt er det stor konkurranse om IBU-midlane i Rogaland. Mange har difor søknaden klar tidleg på året. I 2021 var Innovasjon Norge tomme for investeringsmidlar allereie i februar. Det har i mange år blitt prioritert strengt kva saker som kan få støtte, og prioriteringane har vore godt kjende i næringa. Ved inngangen til 2022 hadde dei økonomiske utfordringane i jordbruksnæringa logisk nok stor merksemd i næringa. Fleire bønder var i tvil om dei skulle investere. Samstundes har mange store behov for å fornye driftsapparatet, mellom anna for å nå mål om omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjonen. Det blei difor tidleg i 2022, gjennom webinar og nettsaker, mobilisert for at fleire skulle gjere nødvendige investeringar. Landbrukspartnarskapet opna også opp for at å gi noko støtte til investeringar for sau, men berre i saker innan oppgradering/nybygg i samband med generasjonsskifte. Det blei også gitt eit tydeleg signal om at prioriterte saker nå vil få betre utmåling av støtte. Kommunar og andre aktuelle blei utfordra til å mobilisere, også innan nye næringar i landbruket som mat og reiseliv. Det viser seg i ettertid at mobiliseringsarbeidet gav resultat.
Uventa stor etterspurnad etter IBU-midlar i 2022
Etterspurnaden tok seg kraftig opp, og til sommaren kunne Innovasjon Norge melde at potten var tom også dette året. Om lag 70 prosent av midlane gjekk til 37 mjølkeprosjekt, irekna støtte til generasjonsskifte. Det er ekstra positivt at eit klart fleirtalet av sakene er frå distrikta, med drifta i hovudsak er basert på eige ressursgrunnlag. Elles har vi merka oss at gjennomsnittleg mjølkekvote for dei som har fått støtte i Rogaland ligg lågare enn i mjølkeregionar som Innlandet og Trøndelag. Det er også løyvd midlar til 35 gjødsellager, noko som er viktig både ut frå omsyn til økonomi, agronomi og miljø.
Resultatet for 2022 blei faktisk at mange prosjekt i tråd med Rogaland sine prioriteringar fekk avslag på grunn av mangel på midlar. Det kan slik sett sjå ut til at vi blir tomme for midlar tidleg i 2023, sjølv med klare auke i IBU-potten. Ass landbruksdirektør Anfinn Rosnes framhevar at det trass alt er betre å bli tomme for midlar enn å ha ubrukte midlar.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13