Tid for å søkje om regionalt miljøtilskot
No er det tid for å søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram. Her kan landbruksføretak mellom anna søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av ferdselsårar, kulturminne og tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Siste frist er 20. august.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Søknaden kan leverast på papir til landbruksforvaltninga i kommunen, eller elektronisk. Nærmare omtale av tilskotsordningane er å finne i rettleiingsheftet for 2016.
Du finn søknadsmateriell og hjelp til å fylle ut søknaden under "Tilskot til miljøtiltak".
Det vil i år ikkje bli sendt ut søknadsmateriell i posten. Ta gjerne kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen viss du har spørsmål om ordningane, eller treng hjelp til å fylle ut søknaden.