Krav om elektronisk deklarering av farleg avfall
Alle som har plikt til å levere og rapportere farleg avfall, skal frå nyttår sende inn skjema elektronisk. Miljødirektoratet opnar Avfallsdeklarering.no frå 2015 og industriverksemder bør alt no starte omstilling til bruk av nettstaden.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.12.2014
Avfallsdeklarering.no skal erstatte dagens papirbaserte deklarasjonssystem for farleg avfall og radioaktivt avfall. Nettstaden skal frå tidleg neste år brukast av alle som har plikt til å levere og deklarere slik avfall.
Miljødirektoratet har publisert informasjon om innføring av systemet på sine nettsider.