Kunngjering av mellombels løyve til Aker Solutions AS avd. Egersund
Fylkesmannen har etter søknad gitt Aker Solutions AS avd. Egersund mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av vatn ved testing av produksjonsanlegg for servicevatn om bord på riggen Maersk Inspirer. Riggen ligg hjå Aker sitt anlegg ved Hovlandsveien på Eigerøy i Eigersund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har handsama søknaden frå Aker Solutions avd. Egersund datert 4. juni 2020 og vedtek, på visse vilkår, å gi løyve etter forureiningslova til utslepp frå testing av eit produksjonsanlegg for servicevatn. Testen skal gjerast med vatn som inneheld natriumbisulfitt og avleiringshemmande middel i låge konsentrasjonar. I tillegg vil blandinga bruke oksygen ved nedbryting i vatn/sjøen. Det er satt krav om m.a. at utsleppet skal skje i straumførande område i overflata medan straumen går mot sør. Testen ska gjerast i august.
Sjå løyvet med søknad og vedtak i dokumentlenka.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.