Hagerømlingar - ein trussel mot det biologiske mangfaldet
Brosjyre om framande planter og dyr som kan gjere skade i naturen. Nokre artar truar liv og helse, andre utgjer ein økonomisk risiko i landbruket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Informasjonsbrosjyren gir ein oversikt over planter og dyr som er rekna som skadelege. Her finn du og råd om korleis ein kan bekjempa artar som er i ferd med å spreia seg ukontrollert.
Brosjyren er utgitt av Hageselskapet og Fylkesmanen i Rogaland.
Innførsel og spreiing av framande artar er på verdsbasis rekna som ein av dei største truslane mot biologisk mangfald.
Dei fleste importplantene er ikkje tilpassa vårt klima og jordsmonn og spreier seg sjeldan utanfor hagegjerdet. Slike planter er ingen fare for våre heimlege økosystem. Nokre artar greier seg derimot bra og forvillar seg i naturen. Enkelte utkonkurrerer lokale vekster og dannar heilt nye og uønska monokulturar.
Varmare klima med milde vintrar aukar talet på artar som klarer å etablera seg i fylket vårt. Klimaendringar kan difor føra til at artar som til no ikkje har skapt vanskar i Rogaland, vert aggressive og kan trua stadeigne plantar og dyr.
Brosjyren "Hagerømlingar" får du gratis på mange hagesenter i fylket. Kommunane har og ein del eksemplarer til utdeling. Det enklaste er kanskje å laste ned brosjyren frå lenka nedanfor !