Webinar om hamnespy/japansk sjøpung
I samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, inviterer me til webinar om hamnespy/japansk sjøpung torsdag den 31. august 2023. Arten trugar både økosystem og næringsinteresser, og vi vil komme med oppdatert informasjon til verksemder med sjørelatert aktivitet, hamner, kommunar og andre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Den framande arten hamnespy (Didemnum vexillum) spreiar seg på Vestlandet og kan skape problem for norsk marin flora og fauna. Den er oppdaga i fleire større hamnar og vassprøvar av miljøDNA tydar på at fleire områder langs kysten er råka.
Hamnespy kan formeire seg raskt, og spreier seg via skips- og båttrafikk, teiner, tauverk og anna utstyr som står i sjøen.
Invitasjon til webinar
Vi ser på situasjonen med stort alvor, og ønskjer å komme med oppdatert informasjon til blant anna industriverksemder med sjørelatert aktivitet og større hamner på Vestlandet om arten og den trugselen den kan representere. Vi inviterer difor til eit felles webinar på Teams torsdag 31. august 9.00 - 11.00.
Kort om programmet
Havforskningsinstituttet vil presentere siste nytt innan kartlegging og utprøving av tiltak.
Statsforvaltaren vil snakke om forvaltningas rolle i denne type saker, og kva ansvar du har om hamnespy vert oppdaga.
Sjøfartsdirektoratet vil presentere dei nye retningslinjane for begroing som ble vedtatt i IMO (International Maritime Organisation) i vår, og fremtidig implementering av dette i norsk regelverk.
I tillegg vil utvalte verksemder dele si erfaring.
Meld deg på hos Statsforvaltaren i Vestland innan 29. august.
Webinaret er gratis.
Lenke til webinaret vil bli sendt ut til påmeldte i forkant av webinaret, og den vil bli lagt ut på denne nettsida om nokon melder seg på i siste liten. Vi gjer merksam på at møtet vert tatt opp. Opptaket vil bli gjort tilgjengeleg for deltakarne i etterkant av møtet.