Rettleiing ved søknad om tiltak i vassdrag

Alle tiltak i og langs vassdrag kan endre leve- og produksjonsområde for fisk og/eller andre ferskvassorganismar og krev i dei fleste tilfelle løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.08.2017, Sist endra 05.04.2022

 

Utdrag frå forskrift om fysiske tiltak i vassdrag:

«Uten tillatelse fra fylkesmannen eller fylkeskommunen er det forbudt å sette i verk:

a)   fysiske tiltak som medfører eller kan medføre fare for forringelse av produksjonsmulighetene for fisk eller andre ferskvannsorganismer,   

b)   fysiske tiltak i og langs vassdrag, herunder bygging av terskler, graving av fiskehøler og utlegging av større steiner, som kan øke fangsten av fisk på stedet eller forskyve fangsten av  fisk i vassdraget, og   

c)   fysiske tiltak for anadrom laksefisk eller innlandsfisk som har til hensikt å forandre en eller flere arters produksjon, bestandsstørrelse eller utbredelse». 

I vassdrag som fører anadrom laksefisk (laks og/eller sjøaure), er det Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) som handsamar slike søknader.

Søknadsskjema er utarbeidd i samarbeid med Rogaland fylkeskommune, som handsamar søknader i vassdrag eller delar av vassdrag som ikkje fører anadrom laksefisk. Skjemaet finn du i høgremargen.

Søknad om fysiske tiltak i vassdrag skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no eller Statsforvaltaren i Rogaland, pb. 59, 4001 Stavanger.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.