Motsegn til bygging av kraftverk i Storåna og Lyngsåna
Clemens Kraft AS har søkt om løyve til bygging av kraftverk i Storåna og Lyngsåna i Hjelmeland. Fylkesmannen har fremma motsegn til desse søknadane. Utbyggingane vil gje store negative verknader på nasjonale og regionale interesser innan natur, landskap og friluftsliv. Fylkesmannen har og gitt fagleg råd mot bygging av Sandvassåna kraftverk då utbygginga vil redusere verneverdiane i forslaget til Preikestolen nasjonalpark.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.06.2017
Sjå søknaden fra NVE og høyringsuttalen frå Fylkesmannen i Rogaland i høgremargen.