Styving av ask i Målandsdalen naturreservat
Styving av tre er ein gamal tradisjon vidt utbrett i Noreg, for å utnytte dei fôrresursane tilgjengelege på gardane. Styving er prosessen å sage av greinar på krona og ved gjentekne styvingar får me den velkjente klubbeforma på greiner og stammen for desse trea.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målandsdalen naturreservat i Hjelmeland kommune er kjent for sine mange styva asketre.
I samarbeid med forpaktar og grunneigar har Statsforvaltaren i Rogaland byrja å styva trea om att i Målandsdalen naturreservat. I førstninga har me teke 28 tre for å sjå korleis trea responderer. Etter kvart vil me rullere styvingane slik at me når over dei 280 registrerte styva asketrea som finst innafor verneområdet.
Dette blir eit ledd i å ta vare på Målandsdalen naturreservat som eit levande kulturminne, og samstundes ta vare på mange truga lav- og moseartane som trivst på desse styva trea.