Invitasjon til informasjonsmøte om arbeidet med forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat

I forbindelse med det vidare arbeidet med forvaltningsplan invitera me til eit opent møte (digitalt og fysisk) kor me vil diskutere rammene for planarbeidet og tema som inngår i forvaltningsplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2022

Statsforvalteren meldte i 2021 oppstart av forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat. Grunna covid-19 kunne me diverre ikkje arrangera eit felles møte på førehand, men var opne for innspel. Statsforvalteren har nå fått en fagleg gjennomgang av innhaldet i utkastet til forvaltningsplan for Orrevatnet naturreservat. Dette er gjort av Miljødirektoratet da Orrevatnet naturreservat er eit Ramsar-område. I forbindelse med det vidare arbeidet med forvaltningsplan invitera me til eit opent møte (digitalt og fysisk) kor me vil diskutere rammene for planarbeidet og tema som inngår i forvaltningsplanen. Med omsyn til kapasitet på fysisk oppmøte og invitasjon til digitalt møte må man melde seg på.

Tid: 7. mars kl. 17.00-19.00

Sted: Orre friluftshus/Teams

Påmelding: Namn og e-post sendes til engof@statsforvalteren.no, eller sms til 98 67 69 87

Neste steg

Uka etter informasjonsmøtet blir forvaltningsplanen sendt ut på høyring til alle grunneigarar og aktuelle partar. Me ønsker innspel på tema og bruksinteresser som bør inkluderast i planarbeidet. Denne vil ha ein frist på tre/3 veker. Når fristen for høyringa er ute, skal høyringa oppsummerast, og saman med ei tilråding, oversendast Miljødirektoratet, som skal godkjenna planen.

Den endelege forvaltningsplanen blir gjort offentleg hjå Naturbase på nettstaden Forvaltingsplanar på nett for verneområde, kor ein også kan lese meir om prosessen.

Me presiserer at denne prosessen ikkje omfattar endringar i verneforskrifta eller vernegrensa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.